Last ned omslag

Bla-i-boka

& me skal bli omskapte

Mariell Øyre | Jostein Avdem Fretland

Under ein luftballong, i ein butikkvegg i Covent Garden, ligg det eit brev til Jakob Hov. Han er chocolatier i Paris og arveprins i familieverksemda, men når gamalonkelen hans døyr, lyt han til London og ta imot ein arv han ikkje har bedt om. Der treffer han Lucy, tremenningen han nesten hadde gløymt, men som slett ikkje har gløymt han. Og så er det Grace, som bur på loftet over butikken, utan at nokon heilt veit kven ho er.

På nokre dagar blir alt snudd på hovudet, og Jakob finn ut at det ikkje berre er dei levande som har sterke meiningar om kva han bør gjera med livet sitt.

& me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.

Frå Bokmeldingar

"Debutantparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland har skrevet fram et eventyr av en roman. [E]n helstøpt roman om en sårbar, sterk og (…) en anelse deilig dekadent ung mann.

Her får vi skildret en fest som nærmest er tatt ut av The Great Gatsby: Grenseløs, voldsom og vakker. Dekadent vil noen si, men det kan også leses annerledes. I skyggene skimter vi vanskelige liv og kompliserte relasjoner (…)
På en måte er & me skal bli omskapte en krysning av Wes Andersens og Amelie fra Montemartre hvor det søte, rare og smarte dyrkes."

Ida Vågsether, Stavanger Aftenblad


ISBN: 9788252181487

Kategoriar: Jostein Avdem Fretland, Mariell Øyre, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2013, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Mariell Øyre