Matminne frå Gudbrandsdalen

Magnhild Bruheim | Hilde Grytting | Stig Grytting

Mat er tradisjon, historie og kultur, og denne boka set maten inn i ein slik samanheng. Ramma er det historiske miljøet på garden Sygard Grytting, med spekeskinka på stabburet, rømmegrauten i ambar og flatbrødet i flatbrødskuffen.

Boka tek for seg tradisjonell gudbrandsdalskost som kokt kjøtt og flesk, vassgraut, fjellaure, rakefisk, lutfisk med lefse, mandelpoteter, raudost, tyttebær, rumbrød og annan bakst. Mange minne er knytte til mat. Kjende gudbrandsdølar som Asgeir Borgemoen, Astrid Brekken, Arne Brimi, Per Arne Glorvigen, Kari Bay Haugen, Erling Jevne, Torunn Kjøk, Øystein Rudi, Sigrun Slapgard, Christian Sulheim og Håkon Sveen (alias ’n Jalmar) deler her sine matminne med lesarane. Stig og Hilde Grytting eig og bur på garden Sygard Grytting i grenda Ryssland i Sør-Fron. Magnhild Bruheim er journalist og krimforfattar. Ho kjem frå Skjåk og bur på Lillehammer. Fotografen, som har tatt stemningsfulle foto av maten og garden, heiter Asmund Hanslien og jobbar til dagleg i Gudbrandsdølen Dagningen.


ISBN: 9788252164411

Kategoriar: Magnhild Bruheim

Emneknagg: 2004, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Magnhild Bruheim