Mari og Magnus og smokketjuven

Barn og ungdom

Mari og Magnus og smokketjuven

3–6 år
Andre boka i sjarmerande ny småbarnsserie! Mari og Magnus er søsken, og går i same barnehage. Ein dag skjer det noko mystisk. Då småungane skal kvile er alle smokkane borte! Kanskje det er ein smokketjuv i barnehagen? Det er nok best dei spionerer litt. Og held vakt. Enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar kjenneteiknar serien om Mari og Magnus, som vender seg til aldersgruppa 3 - 6 år. Les også: Mari og Magnus flyttar inn, Mari og Magnus får katt og Mari og Magnus hos bestemor
149,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186314
Ruth Lillegraven
Om forfattaren

Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.

I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. Ruth Lillegraven har også skrive Klodeklubben, ein detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.