Mari og Magnus flyttar inn

Barn og ungdom

Mari og Magnus flyttar inn

3–6 år
Mari og Magnus er sysken. Mari er fem år, og Magnus er nesten fire. I denne første boka har dei nettopp flytta inn i eit nytt hus. Det står kassar overalt, og ingen finn sakene sine. Kor har for eksempel bamsen til Magnus blitt av? Mens dei leitar, kjem ein ny flyttebil til køyrande. Det er dei som skal bu i den andre halvdelen av huset, som har stått tom. Kanskje Mari og Magnus får nokon å leike med? Dette er den første boka i serien om Mari og Magnus, ein ny småbarnsserie for aldersgruppa 3-6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra. Les også: Mari og Magnus og smokketjuven, Mari og Magnus får katt og Mari og Magnus hos bestemor.
149,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186307
Ruth Lillegraven
Om forfattaren

Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.

I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. Ruth Lillegraven har også skrive Klodeklubben, ein detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.