InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Lykketanna

Den skumle skulestarten.

Torbjørn er seks år. Til hausten skal han byrje på skulen. Alle spør om han gler seg, for det gjer ein vel når ein skal bli skulegut? Men Torbjørn gruar seg. Han vil ikkje slutte i barnehagen, og han vil ikkje kjøpe skulesekk. Kvifor kan han ikkje berre gle seg slik som dei andre ungane? Ein dag kjøper mamma ei dinosaurtann til Torbjørn, og ho fortel at det er ein lykkebringar. Kan den hjelpe han, tru?

"Lykketanna" handlar om andres forventingar til kjenslene våre og om det som kan vere ein skummel overgang fra å vere liten til å bli litt større.
329,00 kr
Anja Dahle Øverbye
Om forfattaren

Anja Dahle Øverbye

Anja Dahle Øverbye (f. 1981) er teikneserieskapar, illustratør og bildebokforfattar, busett i Oslo. Ho er utdanna i Bergen og England. Debutboka hennar, Hundedagar, vann prisen Årets teikneserie i 2015. Ho er omsett til engelsk, fransk og russisk. I 2019 gav ho ut si første bildebok, Lykketanna.