Skjønnlitteratur

Londonjenta: roman

Omsett frå svensk
Andre boka i kritikarroste Bomullskvartetten

Vi er i 1950-åra. Greta har forlate mamma Hilda og bomullsfabrikken i Vasa for eit betre liv. Ho arbeider som barnejente og pleieassistent i Stockholm til draumane tar henne til London. Ho får jobb hos den intellektuelle familien Conley, er saman med andre barnejenter frå Sveits, lærer seg engelsk og treffer Elizabeth Taylor. Bomullsfabrikken og tekstilindustrien kjennest langt unna. Heime i Vasa er Hilda framleis ein bomullsengel i ein industri stadig meir pressa av automatisering og konkurranse frå Sverige og fjerne land. Gretas bror Jonni jobbar på Algots i Borås og forelskar seg på fagforeiningsseminar. Lite anar Greta om kva framtida vil bringe, og kva konsekvensar det kan få å forlate heimbyen sin.

Londonjenta er andre bok i den kraftfulle Bomullskvartetten om liv, arbeid og lengt for kvinnene i Finland og Sverige på 1900-talet. Dette er ei forteljing om arbeid, kjærleik og vennskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.

Frå svensk ved Runa Kvalsund.
249,00 kr
Sider
378
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015335
Susanna Alakoski
Om forfattaren

Susanna Alakoski

SUSANNA ALAKOSKI (f. 1962) debuterte i 2006 med romanen Svinalängorna, som fekk Augustprisen same året. I 2019 kom Bomullsängeln, som er første bok i ein kvartett om fire generasjonar kvinner, mødrer og døtrer, i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Boka vart omsett til norsk i 2023, med tittelen Bomullsengelen. I 2024 kom andre boka i kvartetten, Londonjenta (svensk, Londonflickan, 2021), og no ligg tredje boka, Barnebarnet (svensk, Dotterdottern, 2024), føre. Den siste boka i kvartetten, Sverigefamilien, er venta våren 2026.

Alakoski har eit brennande engasjement for den kvinnelege arbeidarklassa, som er arbeidande og intellektuell, ofte med ein ukueleg kunnskapshunger, men samtidig strøypt av eit hardt liv. Dette engasjementet er tydeleg til stades i Bomullskvartetten.