Andre bok i den kraftfulle Bomullskvartetten om
arbeid, liv og lengt.
Vi er i 1950-åra. Greta har forlate mamma
Hilda og bomullsfabrikken i Vasa for eit
betre liv. Ho arbeider som barnejente og
pleieassistent i Stockholm til draumane
tar henne til London. Ho får jobb hos den intellektuelle familien Conley, er saman med andre
barnejenter frå Sveits, lærer seg engelsk og
treffer Elizabeth Taylor. Bomullsfabrikken
og tekstilindustrien kjennest langt unna.
Heime i Vasa er Hilda framleis ein bomullsengel
i ein industri stadig meir pressa
av automatisering og konkurranse frå
Sverige og fjerne land. Gretas bror Jonni
jobbar på Algots i Borås og forelskar seg
på fagforeiningsseminar. Lite anar Greta
om kva framtida vil bringe, og kva konsekvensar
det kan få å forlate heimbyen sin. "Londonjenta" er andre bok i den kraftfulle Bomullskvartetten om liv, arbeid og lengt for kvinnene i Finland og Sverige
på 1900-talet. Dette er ei forteljing
om arbeid, kjærleik og vennskap, der
kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i
same veven.
Frå svensk ved Runa Kvalsund.
Sitat frå melding
«Alakoski skriver helt herlig levende og saftig, og hun legger ikke fingrene imellom når hun skildrer hverdagen som fabrikkarbeider eller som alenemamma. Her leverer hun et prosjekt man godt kan være stolt av. Jeg kan meget trygt anbefale å lese både bind én og bind to av "Bomullskvartetten".» - Nancy Øvrehus, Stavanger Aftenblad