InnbundenFleire format

Fagbøker

Litteratur i Andeby: Donald Duck og bøkene

«Dette er den mest originale Donald-boka siden Jon Gisles banebrytende «Donaldismen» på 1970-tallet. (...) Alf Kjetil Walgermo fører oss på en underholdende måte gjennom Andebys litteraturhistorie.»
— Adresseavisen
Eit muntert-vitskapleg studium av Donald Duck og bøkene hans.

Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie. Mange nordmenn har lært seg å lese i selskap med historiene frå Andeby. Det gjeld også forfattaren av denne boka. Alf Kjetil Walgermo, kjent som forfattar, journalist og litteraturkritikar, har skrive ei morosam og analytisk kjærleikserklæring til den hissige, vesle fyren i matrosdrakt. Boka er også ei litteraturhistorie sett med andeblikk.

Donald Duck og venene hans har sett eit formidabelt avtrykk i kulturen vår, i språket, tenkemåten og samfunnsdebatten. Verdslitteraturen har sett eit like formidabelt avtrykk i Andeby. Walgermo tek oss med på ein fornøyeleg og kunnskapsrik rundtur i Andebys litterære verd.

Boka gir deg nye inngangar til Homer, Dante og Shakespeare, og du kan kose deg med alt frå Duckens til Duckensteins monster. Vi får òg innsikt i Donalds strategiar som forfattar og følgjer han både i jakta på ein bestseljar og i den litterære feiden med fetter Anton.

Litteratur i Andeby er ei gransking av vårt kollektive minne, eit nybrottsarbeid og eit varmt forsvar for leseglede.

«Denne boka vil ikke bare få deg til å oppsøke biblioteket for å låne mer av verdenslitteraturen. Den kommer også til å sende deg opp på loft og inn i bruktsjapper etter mer Donald. Det Hakkespettboka er for verdens samlede kunnskap, er denne boka for samspillet mellom Donald-historiene og verdenslitteraturen»
- Knut Nærum

429,00 kr
Sider
295
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015793
Meldingar

Sagt om boka

3 omtaler

«Entusiasmen i språket gjer at ein får veldig mykje faktainformasjon veldig kjapt utan at å kjenne seg overlessa. Kjerna i diverse adapsjonar vert formidla på ein tydeleg, fagleg interessant og spanande måte. (…) «Litteratur i Andeby» er ei veldig underhaldande fagbok for Donald-entusiastar.»

— Serienett

«For norsklærere er boken ... et funn, som bør inspirere til å bruke Donald i undervisningen som en inngang til litteraturhistorien.»

— Vårt Land

««Litteratur i Andeby» byr på ordlek - i tillegg til utvilsom sjarm ...»

— Klassekampen

Alf Kjetil Walgermo
Om forfattaren

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen, i 2020 kom Bibelens kvinner og i 2025 kom Litteratur og Andeby - Donald Duck og bøkene. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.

Fleire foto:


Foto: Tone Leksbø Walgermo