Litteratur for barn og unge 2004
Hefta

Litteratur for barn og unge 2004

Ungdomslitteraturen er det sentrale temaet i 2004-årboka. Frå ulike vinklar analyserer årboka sentrale verk av ungdomsbokforfattarar som Harald Rosenløw Eeg, Jostein Gaarder og Hege Follegg Pedersen.

Rune Belsvik, Kari Sverdrup og Jon Ewo fortel i eigne essay om kva dei tenkjer om det å skrive for ungdom, og årets forfattarportrett presenterer Bjørn Sortland. Med ei vurdering av Harry Potter-suksessen og Lene Kaaberbøls Skammar-serie er fantasylitteraturen også med i biletet, og dessutan fortidas spenningslitteratur, representert ved flygarhelten Biggles.

Årboka presenterer dessutan aktuell kritikk og ny forsking frå universitet og høgskular; m.a. drøftar ein artikkel identitetsprosjektet i ungdomsboka, og gjennom ei leseundersøking får vi innblikk i kva 10-klassingar ønskjer seg av litteraturen.

Forutan artiklar, essay og kritikk inneheld årboka også statistikkar og bibliografi over barne- og ungdomslitteratur og -forsking, liste over litterære prisar og dessutan nyttige adresser. Dette unike materialet gir ei totaloversikt over barne- og ungdomslitteraturfeltet og er utarbeidd av Norsk barnebokinstitutt (www.barnebokinstituttet.no)

Årboka Litteratur for barn og unge er ei nyttig handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar, forfattarar og alle andre som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur.

429,00 kr
PK
Om forfattaren

Per Olav Kaldestad

(f. 1947) er forfattar og organisasjonsmann. Han debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973 og har sidan skrive ei lang rekkje bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og barn. Kaldestad er i dag mest kjend for sine barnebøker, men har ein lang forfattarskap bak seg, der eit av kjenneteikna er stor variasjon. Kaldestad turnerer uanstrengt mellom ulike stilartar, og skriv like gjerne gammalengelske sonettar som ramsalt, vestlandsk ferjekrim. Kaldestad har gjort mykje for å fremje kunnskap om norsk barnelitteratur, m.a. som medredaktør for Årboka for barne- og ungdomslitteratur og bildeboknettverket Ord & Bilde. Han har òg vore formann i organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsforfattere. For boka Sola klappar meg fekk Kaldestad i 1993 Æresliste-diplom Pier Paolo Vergetio (Europeisk barnebokpris). I 1997 mottok han Samlagsprisen, og i 2001 fekk han Askeladdprisen for sin forfattarskap og for arbeidet med Årboka for barne- og ungdomslitteratur. Kaldestad er utdanna cand. philol., men er i dag forfattar på heiltid. Han bur på Stord.