Leik i norskfaget

Ann Britt Ervik | Elna Dahle Kannelønning

Praktisk idébok med ulike forslag til leikeaktivitetar i norskfaget. Undervisningsopplegga er alle knytt opp til dei sentrale måla innanfor norskfaget.

Leik i norskfaget er lagd opp som ei praktisk idébok med ei rekkje forslag til ulike leikeaktivitetar i norskfaget. Forfattarane viser korleis ein med enkle middel kan leggje til rette for og gjennomføre leikeopplegga. Fleire av opplegga tek utgangspunkt i arbeidet med litteratur, som t.d. rollespel, bokmelding og ”bokorm”. Boka viser også døme på storyline og korleis klassen kan lage sitt eige forlag.

Forfattarane knyter leikeaktivitetane til dei sentrale måla innanfor norskfaget og reflekterer over kva verdi leiken har for ungane. Måla lytte og tale, lese og skrive er integrerte i opplegga, og eit viktig poeng i boka er at leiken fremmer læring når det gjeld både lesing, skriving og munnleg kommunikasjon. Samtidig utviklar barna gjennom leiken positive eigenskapar som evne til samarbeid, vennskap, tillit og tryggleik, spontanitet, konsentrasjon og respekt.

Dette er ei nyttig bok for alle lærarar og lærarstudentar som ønskjer seg inspirasjon og idear til eiga undervisning. Sjølv om boka er spesielt knytt til norskfaget, kan mykje av arbeidet overførast til andre skulefag og til pedagogisk arbeid i vid meining.


ISBN: 9788252159356

Kategoriar: Ann Britt Ervik, Høgskule og universitet

Emneknagg: 2002, Hefta,

Sjanger: Pedagogikk og lærarutdanning



Meir frå Ann Britt Ervik