Skjønnlitteratur

Legenda om den heilage drankaren

Omsett frå ger
«Jon Fosses gjendiktninger tar form som forskning i ulike skrivemåter, ikke altfor langt fra hans egen.»
— Tom Egil Hverven, Klassekampen
Ein uteliggjar i Paris

Andreas er ein heimlaus uteliggjar i Paris. Han søv under bruer ved Seinen, berre med ei avis over seg. Ein ukjend velgjerar gjev Andreas 200 franc. Pengane kan han ein gong betala tilbake til kyrkja, til helgenen Terese av Lisieux. Pengegåva er starten på ei rekkje små mirakel i livet til drankaren. Han får vaska seg, får nye klede, møter ein gammal kjærast og gamle kjende, bur fint på hotell, han et og drikk, men planen er heile tida å få betalt tilbake pengane han har lånt.

Boka er omsett av Jon Fosse.
299,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016431
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«[Fosse] leverer ei smidig omsetjing.»

— Oddmund Hagen, Dag og Tid

Joseph Roth
Om forfattaren

Joseph Roth

JOSEPH ROTH (1894–1939) var ein jødisk-austerrisk forfattar frå Brody, som i dag ligg i Ukraina. Roth studerte litteratur og filosofi, og var soldat under den første verdskrigen. Seinare arbeidde han som journalist og forfattar i Wien og Berlin. Den mest kjende boka hans er Radetzkymarsjen frå 1932. Roth emigrerte til Paris, der han døydde fattig, deprimert og alkoholisert i 1939. Legenda om den heilage drankaren (1939, originaltittel Die Legende vom heiligen Trinker) kom ut etter at Roth var død.

Meir om Joseph Roth →