Kor vart det av jula?
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Kor vart det av jula?

6–9 år
Det er julekvelden og Hallvard kan nesten ikkje vente med å opne gåva frå storebroren. Han er ganske sikker på at han skal få ein tinnsoldat. Men timane går, og Hallvard er redd broren ikkje har med gåve likevel. Han bestemmer seg derfor for å smugkikke. Noko han aldri skulle ha gjort.
199,00 kr
Sider
61
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252170498
Rasmus Løland
Om forfattaren

Rasmus Løland

Rasmus Løland (1861_x0096_1907) frå Hylsfjorden i Ryfylke er ein pioner i norsk barnelitteratur. Han kom frå eit ressurssterkt gardsmiljø, viste tidleg talent for skriving, men var heile sitt korte liv ramma av sjukdom. Alt som 17-åring leverte han sine første bidrag til Fedraheimen, men debuterte først 30 år gamal i 1891 med boka Folkeliv. Løland skreiv i alt nærare 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Han blir rekna som ein av dei første realistane i norsk barnelitteratur. I forteljingar som Paa sjølvstyr og Det store nashorne tar han barnets synsvinkel og skriv konkret og jordnært, utan moralistiske overtonar. Løland flytta til Kristiania i 1897 og blei ein sentral person i det nynorsk-intellektuelle miljøet i byen. Han var medarbeidar i avisa Den 17de mai, var aktiv i målrørsla og redaktør av Norsk Barneblad. Dei siste leveåra budde han på Labråten ved Hvalstad, som næraste nabo til Arne og Hulda Garborg. Han døydde 46 år gamal av tuberkulose. Sjå nettsida for 100-årsmarkeringa av barnebokpioneren Rasmus Løland her www.nashornet.no Biografien Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke av Ernst Berge Drange blei gitt ut i 2007.