InnbundenFleire format

Generell litteratur

Kongen av Spitsbergen: Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland

Einar Sverdrup (1895-1942) er ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar. Han var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen - og byen sjølv - blei livsverket hans. Ingen ting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn. Kongen av Spitsbergen er ei bok om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 var Einar Sverdrup rasande då britane tvangsevakuerte Longyearbyen; alle menneska i ein norsk småby blei stappa om bord i krigsskip og sende til Storbritannia, medan byen og gruvene blei herja og husdyra slakta for fote. I mai 1942 leidde Sverdrup ein militær operasjon for å fri Spitsbergen frå Nazi- Tyskland. 13. mai 1942 omkom han og 13 medsoldatar, då ekspedisjonsskipet «Isbjørn» blei senka av tyske fly. Kongen av Spitsbergen er den første boka om Einar Sverdrup.
399,00 kr
Sider
286
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252192506
Svein Sæter
Om forfattaren

Svein Sæter

Svein Sæter (f. 1960) frå Stangvik på Nordmøre har skrive mange sakprosabøker, ofte med historiske tema. Han blei kjend med familien Haugland då han skreiv Operatøren (2008) i samarbeid med tungtvassabotør og Kon-Tiki-deltakar Knut Haugland og fekk tilgang til unike kjelder. Saman med faren Einar har Svein Sæter skrive den kritikarroste historia om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen.