Kobbs hus

Barn og ungdom

Kobbs hus

9–12 år 1 t 50 min
På ei øy så vidt synleg frå land står eit stort og merkeleg hus. Eigaren er den heilsprø skattejegeren Billy Kobb, som ingen har sett på ei æve. Det kjem likevel lydar frå øya, nifse brøl som ikkje lar seg forklare. Dei siste som drog ut dit, kom ikkje tilbake. Øya er farleg. Når Ask og vennene Iris og Eik likevel ror ut til Kobbs hus midt på natta, er det ikkje fordi dei har spesielt lyst. Gjengen skal hjelpe Daniela, ei mystisk jente som dukka opp i starten av sommarferien. Ho har eit oppdrag på øya. Det skal vise seg at eit besøk i Kobbs hus er både rarare, artigare og endå meir livsfarleg enn nokon av dei kunne ha førestilt seg.

Kobbs hus er ei sprø og spanande hyllest til skattejakt, nær-døden-opplevingar, honninggrevlingar og sinte isbjørnar. Ikkje minst er det ei historie om fire gode venner som tør å dra på eventyr, sjølv om dei veit betre.
279,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015847
Thoralf Fagertun
Om forfattaren

Thoralf Fagertun

Thoralf Fagertun (f. 1980) kjem frå Meløy i Nordland og debuterte i 2022 med den morosame barneromanen Familien Gnork, som han mellom anna vart nominert til debutantprisen Trollkrittet for. Kobbs hus er den andre barneboka hans. Fagertun er utdanna litteraturvitar, jobbar med forskingsformidling og har gått forfattarutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt.