Knivkastarens son: historier
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Knivkastarens son: historier

9–12 år
Boka inneheld ei spennande forteljing frå kvart hundreår frå og med år 1000. Felles for dei alle er at dei handlar om barn og unge som lever nedst på den sosiale rangstigen.
220,00 kr
Sider
158
Utgivingsår
2001
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252158694
Torvald Sund
Om forfattaren

Torvald Sund

(f. 1952) er frå Stjørna i Sør-Trøndelag. Han debuterte med ungdomsromanen Haustsommar i reinfjellet i 1979 og har sidan gitt ut ei lang rekkje bøker for barn og vaksne, og fått oppført fleire skodespel. Torvald Sund har ein lang og variert forfattarskap bak seg, og er dessutan ein etablert dramatikar. Sidan debuten med Brenn draumane mine på Callos rei (Teateret Vårt, 1998) har han fått oppført 15 skodespel. Stykket Onkel Oskar blei filmatisert i 1997. Barne- og ungdomsbøkene til Sund er omsette til over ti språk, og han har fått fleire kultur- og litteraturprisar, m.a. Nynorsk Barnelitteraturpris (1981, 1991 og 2001), Norsk Biblioteksforenings ærespris (2002) og Levanger kommunes kulturpris (2006). Torvald Sund er busett i Levanger.