Klara kan mykje rart om klede

Barn og ungdom

Klara kan mykje rart om klede

6–9 år
Visste du at silke er laga av ormespytt og fleece av resirkulert plast? Eller kor mange sauer ein treng for å få ull nok til eit sofapledd? I denne boka får du vite mykje rart om noko så kvardagsleg som kva klede er laga av. Og det gjer du fordi Klara er ei jente som lurer på mykje rart! Men når Klara fortel om alt det rare klede kan vere laga av, er det ingen på skulen som trur på henne. Då er det godt å ha ei storesyster som hjelper Klara i jakta på bevis ... Illustrert av Ella Okstad Les også: Klara kan mykje rart om mat Teresa Grøtan (f. 1974) er forfattar og journalist, og har i tillegg til bøkene om Klara skrive Globaliseringsboka.
249,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191349
Teresa Grøtan
Om forfattaren

Teresa Grøtan

(f. 1974) er journalist og har tidlegare m.a. gitt ut Globaliseringsboka. Ho er frå Stokmarknes i Vesterålen og bur i Bergen. I 2010 fekk ho diplom for beste utanriksreportasje frå International Reporter (IR) for Gjelda etter Yunus, som blei trykt i Dagbladet Magasinet og som også utgjorde eit av kapitla i Globaliseringsboka. Grøtan har også skrive biografi om Nelson Mandela for ungdom, og ho var redaktør for Syn og Segn i 2004–05. Den første boka om Klara, Klara kan mykje rart om klede, har også kome ut i Danmark! Grøtan vart tildelt Blixprisen 2013.