Kairos

Skjønnlitteratur

Kairos

Omsett frå svensk av Gunstein Bakke

Eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst. «Eg skriv til dykk frå ei anna verd». Med desse orda opnar Andrzej Tichy sin mest ambisiøse roman hittil. Omgrepet kairos er, i antikkens tidsoppfatning, ein kriseaugneblink, eit kritisk punkt mellom to hendingar, i motsetnad til kronos, den lineære tida. Tichy utforskar kritiske punkt i historia til det 20. og 21. hundreåret. Romanen er ein kollasj av skjebnar, stemmer og bilete som går på tvers av den lineære tida; gjennom sitatmosaikk og skiftande forteljarspor undersøkjer han krisa og valden, opprøret og avmakta, håpet og fortvilinga, utopien og dystopien. I Kairos' vev av stemmer og bilete gnissar både 1900-talet, samtida og framtida mot kvarandre: 30-talsdepresjonen, Peter Weiss' møte med Karin Boye, Bernward Vesper og 68-rørsla, den arabiske våren og ein Jeanne d'Arcskikkelse som rører seg mellom ulike stader. Kairos er ein treffande sivilisasjonskritikk som verkar eksplosiv og utfordrande.
329,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193619
Andrzej Tichý
Om forfattaren

Andrzej Tichý

Andrzej Tichý blei fødd i Praha i 1978 og bur i Skåne, Sverige. Han debuterte med Sex liter luft i 2005 og blei tildelt Borås Tidnings debutantpris. Hans andre roman, Fält (2008), blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han mottok Aftonbladets litteraturpris 2013 for Kairos og Omsorgen, som begge kom ut i 2013. I samband med nominasjonen av Kairos til Nordisk råds litteraturpris 2014 skreiv priskomiteen om Tichý at «med si fjerde bok framstår han som ein av dei mest originale og talentfulle forfattarane i den unge svenske litteraturen».

Meir om Andrzej Tichý →