Jenta i sofaen

Jon Fosse

Det nyaste teaterstykket frå Jon Fosse hadde urpremiere i august 2002 på teaterfestivalen i Edinburgh, og blir sett opp i Noreg i 2003. Jenta i sofaen tematiserer gryande seksualitet, utroskap og svik, og korleis såra frå barndommen aldri blir lega.

Den vaksne kvinna i stykket er målar, men opplever at ho ikkje kan skape. I stykket blir ho konfrontert med den unge jenta ho ein gong var, og gjenopplever moras utruskap medan ho sjølv venta på at faren skulle kome heim frå sjøen.


ISBN: 9788252161540

Kategoriar: Jon Fosse, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2003, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Jon Fosse