Jenta i kista
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Jenta i kista

Spanande Leseland-grøss.

I eit stort og gammalt hus står ei kiste.
Men ingen veit kva kista gøymer.
For over 100 år sidan budde det ein lykkeleg familie i huset.
Men no vil ingen bu der.
Alle romma er tomme, alle utanom loftet, der kista står.
Men så, ein dag, blir kista opna.

Jenta i kista er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
249,00 kr
Laura Djupvik
Om forfattaren

Laura Djupvik

(f. 1970) er forlagsredaktør, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013 og Hjartet er ingen logrande hund i 2019.