Ingen er så trygg i fare: roman

Skjønnlitteratur

Ingen er så trygg i fare: roman

Vår nære historie er bakteppe for hovudpersonen Kapos forteljing. I eit fritt framhald av romanen Mars frå 1998, får Kapo no omsorg for den etterlatne arvingen etter det styrta Babel-konsernet. For Kapo blir dette byrjinga på eit nytt liv, og han kjenner behov for å finne ut meir om sin eigen familie. Med ei mor som opplevde evakueringa av Finnmark etter andre verdskrigen, og ein russisk soldat som mogleg far, betyr denne jakta på opphavet eit djupt dykk ned i norsk og russisk etterkrigshistorie.
329,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252177022
Jørgen Norheim
Om forfattaren

Jørgen Norheim

Jørgen Norheim (f. 1952) har sidan debuten i 1994 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Adjutanten (2008) blei nominert til Brageprisen og Ingen er så trygg i fare (2002) blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Olga Bjoners plass er den sjette romanen hans. Norheim er fødd i Sollia i Østerdalen og voks opp i Vestre Slidre. Han er utdanna cand. philol. med hovudfag i historie. I åra 1987–1996 var han redaksjonssekretær i Syn og Segn.

 

 

Fleire bilete av Jørgen Norheim, fotograf Sara Sanderud:

Trykk på biletet for å laste det ned.