Hundre års idrettsliv

Olaf Almenningen

Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo 1913-2013

I Idrottslaget i Bondeungdomslaget finn vi ruvande idrettsheltar som skikongen Johan Grøttumsbråten, verdsmeistrane Ingrid Kristiansen og Odd Martinsen, ekteparet Åge og Ingrid Hadler og OL-vinnaren Khalid Skah. Klubben har fostra idrettsleiarar som Olaf Helset, Arne Haukvik, Målfrid Kuvås, Ivar Egeberg og Unni Helland. Idrottslaget har gått i brodden for skistafett i NM for klubblag, sprint-NM på skeiser, gateløp og førjulsrenn på ski, fotball for kvinner og idrett for psykisk utviklingshemma.

I jubileumsåret er friidrett, langrenn og idrett for psykisk utviklingshemma hovudaktivitetane i IL i BUL. Dagens mest kjende BUL-stjerner heiter Heidi Weng, Martine Ek Hagen, Jaysuma Saidy Ndure, Cathrine Larsåsen og Ezinne Okparaebo.

Redaktør for boka er Olaf Almenningen.


ISBN: 9788252181784

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Olaf Almenningen

Emneknagg: 2013, Innbunden,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Olaf Almenningen