InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Høyreluren

Omsett frå engelsk
«I Høyreluren er Carringtons nedsabling av det bestående fullkomment lystig, romanen er først og fremst fandenivoldsk opptatt av å bryte ut av tralten. Kanskje er det mest oppsiktsvekkende med Carringtons langhårede vi...»
— Carina Beddari, Morgenbladet
Surrealistisk klassikar. «Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974. Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus. «Høyreluren» er ei vilt fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit sprudlande, feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen. Boka er omsett frå engelsk av Gunstein Bakke. Susanne Christensen har skrive eit etterord. «Denne boka er så inspirerande [...] Eg elskar fridomen og humoren i boka og at ho skaper sine eigne lover.» - Björk «Denne vesle boka gjorde eit kraftfullt inntrykk på meg.» - Olga Tokarczuk
429,00 kr
Sider
201
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005251
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Uimotståelig kraftpakke av en bok»

— Kåre Bulie, Klassekampen

«Høyreluren er så forfriskande fortald at ein for ei stund kjenner seg fri frå moralske og fornuftige lekkjer, nett slik surrealistane hadde som målsetjing for kunsten. Ikkje minst er boka overraskande aktuell og tangerer tema som dyrevern, klimakrise og atomvåpentrugsel, og med transpersonar i fleire roller. I tillegg er ho opprørsk og feministisk.»

— Hilde Vesaas, Dag og Tid

Leonora Carrington
Om forfattaren

Leonora Carrington

Leonora Carrington (1917–2011) vaks opp i ein velståande familie nordvest i England, men drog til London for å gå på kunstskule. Der møtte ho Max Ernst, og saman flytte dei til Paris. Under krigen måtte ho flykte og enda opp i Mexico, der ho arbeidde som kunstnar resten av livet. Ho har mellom anna skrive fleire noveller og den sjølvbiografiske boka Down under.

Meir om Leonora Carrington →