Hjartemekanikk
Innbunden

Lyrikk, drama og essay

Hjartemekanikk

I denne diktboka flyttar vi oss mellom fire tidsplan: Starten på ein sambuarskap, ulykkesdagen, sjukehusopphaldet og tida etterpå. I varierte tekstar, frå poetiske sekvensar til små forteljingar og dialogar blir vi kasta att og fram mellom kjærleik og sorg, glede og sakn. Hjartemekanikk er ei bok om det som kunne ha vore, og om å vere den som blir åleine med minna.
399,00 kr
Kristina Leganger Iversen
Om forfattaren

Kristina Leganger Iversen

Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er frå Åsane i Bergen og bur i Oslo. Ho debuterte med diktboka Hjartemekanikk i 2011, og følgde opp med romanen I ringane i 2015 og den personlege Bli mor no? i 2019. Iversen er også verksam som litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.