Hjarteklapp
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Hjarteklapp

9–12 år
13 år gamle Ingvild Halvorsen trur ho kjem til å døy av hjartestans, som søstera hennar gjorde for lenge sidan. Ho kjem i alle fall til å døy om ho ikkje blir kjærast med Aksel. I mellomtida filmar Ingvild seg sjølv, så det skal finnast eit minne etter henne om ho døyr.
199,00 kr
Sider
105
Utgivingsår
2003
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252161878
Hilde K. Kvalvaag
Om forfattaren

Hilde K. Kvalvaag

Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.

For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).

Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.