Skjønnlitteratur

Historia om det nye namnet: unge år : roman

Omsett frå italiensk
«Elena Ferrante har skapt noen uforutsigelige, sprell levende typer i et romanunivers som minner om livet selv.»
— Gro Jørstad Nilsen,, Bergens Tidende
Den intense historia om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi Historia om det nye namnet byrjar der Mi briljante venninne sluttar, med at seksten år gamle Lila gifter seg med kjøpmannen Stefano Carracci. Lila innser at ho ikkje kjenner mannen ho har gifta seg med, og ho opplever ekteskapet som eit fengsel. Ein sommarferie på Ischia blir ein erotisk vekkar for Lila, men samstundes set ho vennskapet med Elena på ei alvorleg prøve. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet. Historia om det nye namnet er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølv i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
249,00 kr
Sider
573
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190236
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Elena Ferrante er, i tillegg til å være en stor forteller, en nådeløs forfatter som kompromissløst bruker den realistiske romanen til å streke opp sterke, kompliserte og lidenskapelige livsløp for leseren. Livsløp der innsatsen alltid er høy og nedturene mange. Der motet og menneskeligheten trass i all motstand overlever.»

— Leif Ekle, NRK

«Stadig like briljant oppfølging av et helt spesielt vennskap mellom unge kvinner fanget i en mannskultur.»

— Ole Jacob Hoel, Adresseavisen

Elena Ferrante
Om forfattaren

Elena Ferrante

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.