Henrik And

Barn og ungdom

Henrik And

3–6 år
Humoristisk om å finne seg sjølv Henrik And er ei and. Ei heilt vanleg and, med ein heilt vanleg draum. Han vil vere noko anna. For om han var noko anna, ville han kunne gjere heilt andre ting, og alt ville vore annleis. Men han må tenkje seg nøye om, kva han vil vere ... Kanskje ein katt? Eller ein sjiraff? Henrik And har ein enkel tekst med regleelement og gjentakingar, slik ungar elskar. Dei vil òg fryde seg over alle dei merkelege dyra i boka, alle saman har nemleg hovudet til Henrik And. Enkle, fargesterke illustrasjonar i collageteknikk.
179,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186208
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.