Heime mellom istidene
Hefta

Lyrikk, drama og essay

Heime mellom istidene

I denne diktsamlinga undersøker Guri Sørumgård Botheim kva det vil seie å kjenne seg heime. Ho tek utgangspunkt i si eiga tilknytning til heimplassen, bygda der forfedrane truleg har levd sidan istida. Nokre av dei har reist ut, men har alltid komme heim att. Ho spør seg om ho blir den fyrste som flyttar og ikkje kjem attende. I ei leilegheit i Trondheim prøver ho å lage seg ein heim i lag med kjærasten. Men ei rastlausheit forstyrrar.

Gjennom eit nøkternt språk og skarpe bilde gjer forfattaren konsekvensar av urbaniteten akutt synleg. Dikta er skrive med ei tydeleg bekymring for dei uutslettelege spora vi lagar i naturen.

Diktsamlinga handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt.



Sjå filmen i fullskjerm her!
429,00 kr
Guri Sørumgård Botheim
Om forfattaren

Guri Sørumgård Botheim

(f. 1978) er frå Lesja. Ho debuterte med romanen Ramstein pensionat i 2009 saman med systera Sigrid Sørumgård Botheim. Ramstein pensionat er ein original og leikande roman om heilt særeigne, men akk så normale menneske. Her møter vi Sigurd Sørheim som spionerer på storesyster Debbey. Når Debbey ein dag arvar eit gamalt pensjonat, dukkar det opp både løyndommar og mannlege beundrarar. Ramstein pensionat er ein original og leikande roman om einsemd, kjekke menn, edle dropar og livet i Bygde-Noreg. I 2011 gav Sigrid og Guri ut boka Søsken i lag med søskenparet Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Ei rekkje bidragsytarar undersøkjer søskenskapet med varme og humor – og frå ulike perspektiv. Søsken er ei vakker gåvebok, designa av Øystein Vidnes og med foto av Benedikte Skarvik.

Guri har vore redaktør for Ratatosk sidan 2004. I 2013 er ho festspeldiktar på Dei nynorske festspela i lag med Sigrid Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen. Systrene Sørumgård Botheim er kjent for særeigne framføringar. Dei skriv òg fast humorside i vekeavisa Dag og Tid. Guri arbeider som avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Æ Å Trondheim litteraturfestival er eitt av arrangementa kontoret står bak.