Heilt aleine: 54 dagar på tur til Sørpolen

Generell litteratur

Heilt aleine: 54 dagar på tur til Sørpolen

«Jordnært og enkelt om ekstrem kraftprestasjon. Karen Kyllesø gjekk aleine til Sørpolen. Boka hennar er utan sjølvskryt, men hyllar gleda ved å meistra.»
— Stavanger Aftenblad
Karen Kyllesø er den yngste som har gått aleine til Sørpolen nokosinne. Her skriv ho sjølv om kvifor ho drog, korleis ho førebudde seg, og korleis det gjekk.

Det finst mange unge som drøymer om å dra til verdas ytterpunkt, men berre dei færraste set draumane ut i livet. Som 21-åring stod Karen Kyllesø på Sørpolen etter 54 dagar aleine på tur.

Kva fekk ho til å leggje ut på ei så lang, einsam reise til det kaldaste og mest isolerte kontinentet på kloden?

«Etter kvart som åra gjekk, vart grensa flytta lenger og lenger framfor meg. Turane vart lengre og lengre og på sett og vis meir og meir ekstreme. Det å stadig finne nye utfordringar har vore ein måte å stadig jakte etter meistring på.»

I denne personlege og spektakulære forteljinga får du svaret på korleis ho klarte å gå dei 1130 kilometrane inn til Sørpolen – og kva ho tenkte på undervegs.
299,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014130
Karen Kyllesø
Om forfattaren

Karen Kyllesø

KAREN KYLLESØ (f. 2003) er ein eventyrar og polfarar frå Årdal i Rogaland. Den 13. januar 2025 blei ho verdas yngste som har klart å gå aleine til Sørpolen. Som 15-åring blei ho den yngste i verda til å krysse Grønland på ski.

 

Fleire bilete av Karen Kyllesø (klikk på bileta for nedlastingslenke):

Foto: Karen Kyllesø

 


 

 

Meir om Karen Kyllesø →