Havuhyre
Innbunden

Havuhyre

Kan det vise seg at nokre av dei underlege havdyra vi alltid har fnyst forakteleg av likevel har eksistert - og kanskje til og med finst i havet i dag? Farstad inviterer lesarane med på ein tur tilbake til gamle dagars norskekyst, til det djupe, mørke, kalde og mystiske havet, til ei tid utan radio og meteorologar, utan havforskarar og aviser. Kanskje vil fleire oppdage at verkelegheita stundom er meir utruleg enn all science fiction og sprudlande fantasi? Boka er illustrert med 70 strekill i svart-kvitt.

429,00 kr
AF
Om forfattaren

Arnold Farstad

Forfattaren Arnold Farstad (f. 1948) er frå Lauvsøya på Sunnmøre og kjenner selfangstmiljøet og den norske kystkulturen frå innsida. Han har mellom anna vore journalist i avisa Fiskaren, fiskerimedarbeidar i NRK, informasjonssjef ved Havforskingsinstituttet og redaktør i Fiskerimagasinet.