Voluspå ; Håvamål ; Draumkvedet
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Voluspå ; Håvamål ; Draumkvedet

Tre norske klassikarar i eitt. Denne boka inneheld tre litterære høgdepunkt frå den norske mellomalderdiktinga. Voluspå er eit mektig dikt om opphavet og undergangen til verda, fortalt gjennom den allvitande volva (spåkvinna). I Håvamål får vi alle dei kjende ordspråka om rett framferd og gode dygder som måtehald og klokskap. I Draumkvedet møter vi Olav Åsteson, som vaknar trettandedag jul og fortel om den lange draumen han har hatt, der han har vandra gjennom underverda. Alle desse tre diktverka formidlar stor visdom om livet og døden og har like mykje å seia til menneske i dag som då dei vart dikta. Føreord ved Kristin Fridtun
369,00 kr
Sider
112
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007378
IM
Om forfattaren

Ivar Mortensson-Egnund

Ivar Mortensson-Egnund (1857-1934) frå Alvdal var forfattar, gjendiktar, redaktør, anarkist, målmenneske og prest. Frå 1883 til 1889 var han redaktør for Fedraheimen.