Hard er mitt lands lov: roman

Skjønnlitteratur

Hard er mitt lands lov: roman

Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen i skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter sverdkamp står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemna hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fanga av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven. Dermed har ei skjebnesvanger reise starta, og under leiinga til Ulfr og hans nådelause gudar, seglar skipet til kjende og ukjende strender, det kryssar opne hav og til sist blir det rodd opp ei veldig flod og inn i ei ny verd. Der skal det visa seg at Ulfr si historie rommar langt meir enn det han har fortalt, og at mennene ikkje aner kva dei har gjeve seg ut på. Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Tore Kvæven (f. 1969) bruker si eiga erfaring frå reiser i Afrika, og inspirert av islendingsogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181500
Tore Kvæven
Om forfattaren

Tore Kvæven

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. Raudt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Raudt støv. Bok 2 kom hausten 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.

Foto: Tommy Ellingsen