Hamstertrøbbel

Barn og ungdom

Hamstertrøbbel

6–9 år 1 t 15 min
Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei nyaste lesarane.
 
Samson er ni år og hamnar ofte i trøbbel. Veldig ofte, faktisk. Denne gongen går alt gale då storesøstera til Samson får ein søt, liten hamster til bursdagen sin. Det blir rett og slett heilt katastrofe!

199,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017636
Anders Totland
Om forfattaren

Anders Totland

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Han er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli, og i 2024 kom den nokså frittståande oppfølgjaren Til døden skil oss.