Gullkunde

Eva Jensen

Korleis kan ein tekst bygge rom for tanken? Kan ein litterær tekst redde liv? Kan teksten ha erfaring? Kva er minne? Kva slags språk pratar sorg på? Kan ei bok ha god tid? Boka Gullkunde reiser desse spørsmåla, men gjev ikkje bastante svar. Gullkunde er ein poetisk roman om tap og kjærleik, ei historie fortalt i levande, rik og sanseleg prosa.

Ei vaksen kvinne gjenopplever i tankane den siste tida ho hadde saman med faren, han som sto opp kvart over seks kvar dag i femti år, og som lærte henne at verda var større enn bygda dei budde i. Ho minnest også oppveksten med broren, som kom heim med musikk og historier frå fjerne stader. Sorga lèt henne sjå alt rundt seg på nytt, tapet utløyser nye oppdagingar og sansingar, og ei glede over livet veks gradvis fram.

Frå Bokmeldingar

”Eva Jensens nye roman, Gullkunde, er på bare 70 sider, men boka har en uttrykksfylde som utkonkurrerer de fleste norske mursteinsromaner.”
Henning Howlid Wærp, Bokvennen

"Gnistrende roman om tap"
Øystein Rottem, Dagbladet

”Det å få lese ein ny Eva Jensen-roman! Endeleg, endeleg!”
Olaug Nilssen, Morgenbladet


ISBN: 9788252161755

Kategoriar: Eva Jensen

Emneknagg: 2003, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Eva Jensen