Glødepunkt
Innbunden

Romanar og noveller

Glødepunkt

Guttorm jobbar ved bergverksbedrifta Mineral Vest. Han og kona Margunn prøver å halde liv i ekteskapet sitt, men det er så mykje som gneg: Overtida, det altfortærande brotet som trugar vennskap og barndomsminne, sandstøvet i lungene, barnet dei ikkje får. Når bedrifta får tidenes største ordre på sand til eit belgisk jarnverk, skyt aktivitetsnivået fart, dagbrotet veks og arbeidarane vert drivne til brestepunktet. Hjelpa kjem i form av finske leigearbeidarar, som også er eit kjærkome innslag for unge jenter med lengt bort frå bygda. Ein vert sugd inn i denne forteljinga, der arbeidet byrjar tidleg om morgonen med ein tørr finger mot ein kald brytar, slik det alltid har gjort, men endar tragisk og blodraudt.

Forfattaren lar denne vesle bygda med sitt altfortærande steinbrotet bli eit bilde på korleis storsamfunnet fungerer. Hilde Myklebust tek med dette steget frå poesien til romanen. Ho har med seg det presise og fargerike språket sitt inn i ei forteljing som både er sitrande spennande og rørande.
429,00 kr
Hilde Myklebust
Om forfattaren

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto av Helle Frogner: