Galskap og eventyr

Generell litteratur

Galskap og eventyr

For over 60 år sidan flytta Åshild Ulstrup frå heimbygda Valen i Sunnhordland. Sidan har ho budd i Oslo. Der har ho hatt to ekteskap, oppfostra fire barn og arbeidd som journalist. I dag er ho 80 år, enkje og kallar seg ein livets frilansar. Ulstrup er ei velkjend radio.stemme som veit å få menneske i tale. No fortel ho frå sitt eige liv. Ulstrup går tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører, ein barndom med både galskap og eventyr.
249,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188585
Åshild Ulstrup
Om forfattaren

Åshild Ulstrup

(f. 1934) har eit langt yrkesliv som journalist og radiomedarbeidar bak seg. Ho er særleg kjend for personlege intervju i NRK gjennom 40 år, mellom anna i radioprogramma ”Sånn er livet”, ”På livet laus” og ”Middagsstunden”. Ulstrup har òg gjeve ut fleire dokumentar- og intervjubøker. Ulstrup vaks opp på Valen i Sunnhordland, men er busett i Oslo.