Skjønnlitteratur

Fugletribunalet: roman

P2-lyttaranes romanpris 2013 og Ungdommens kritikarpris 2013, nominert til Bokbloggerprisen 2013! TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny? "Romanen sitter igjen som en elektrisk ladning under huden" Thea Urdal, Dagsavisen " ...dirrer av nerve, spenning og overskudd ... om to mennesker, som bare vil bli funnet, og elsket" Terningkast 6! Linda Klakken, Natt & Dag
249,00 kr
Sider
207
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195491
Agnes Ravatn
Om forfattaren

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den femte romanen hennar.

Foto av Agnete Brun:


Foto av Line Omland Eilevstjønn:

Foto av Marius Viken: