Fugletribunalet: roman

Skjønnlitteratur

Fugletribunalet: roman

6 t 8 min
«dirrer av nerve, spenning og overskudd (.) om to mennesker, som bare vil bli funnet, og elsket.»
— Natt & Dag
Fengslande roman om skam, skuld og soning. TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?
199,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788242164322
Meiningar

Det kritikarane seier

5 omtaler

«Ravatn har nok ein gong skrive ei glimrande bok. Med Fugletribunalet viser ho at ho er meir enn berre humor og kvikke replikkar. Ei veldig god bok. Bravo, Ravatn!»

— Bokblogger.no

«Romanen sitter igjen som en elektrisk ladning under huden.»

— Dagsavisen

«Leseren underholdes underveis med gode formuleringer, syrlige understatements og fine situasjonsbeskrivelser. Men mot slutten ser man for alvor konturene av at dette er en ekte roman, man ser hvordan Ravatn har bygget opp fortellingen for å la den kulminere på en dramatisk måte. Og underveis får hun sagt noe som føles genuint nytt om skam, lyst og soning.»

— Dagens Næringsliv

«Stilsterkt og flott fortalt om to ruskete sjeler under samme tak.»

— Adresseavisen

«Dette er velkomponert, sårt og så vakkert!»

— Kasiopeiias bøker

Agnes Ravatn
Om forfattaren

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den femte romanen hennar.

Foto av Agnete Brun:


Foto av Line Omland Eilevstjønn:

Foto av Marius Viken: