Frå sosialhistorie til nyare kulturhistorie

Fagbøker

Frå sosialhistorie til nyare kulturhistorie

Kortfatta, oversiktleg og oppdatert om endringane i historieskrivinga dei siste tiåra, frå sosialhistorie slik ho fekk si form i 1970-åra, til meir kulturorienterte retningar. Boka inngår i serien Utsyn&innsikt. Boka gir oversyn over viktige endringar i historieskrivinga dei siste tiåra, frå sosialhistorie slik ho fekk si form på 1970-talet, til meir kulturorienterte retningar. Desse retningane er i dag kjende under namn som historisk antropologi, mikrohistorie, poststrukturalisme, linguistic turn og postmoderne historie. Boka presenterer utviklingstrekk innanfor dette feltet, og drøftar kva metodiske og epistemologiske aspekt dette inneber. Boka er skriven for studentar i historie, men er også nyttig for studentar som tek andre kulturfag, som etnologi og folkloristikk.
259,00 kr
Sider
119
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000539
IK
Om forfattaren

Ingar Kaldal

(f. 1955) er professor i historie ved NTNU. Kaldal har særleg arbeidd med kultur- og sosialhistorie frå 1800- og 1900-talet, og teori og metode i historiefaget.