Frå klondyke til katastrofe
Innbunden

Frå klondyke til katastrofe

Landnotfiske etter sild skapte på 1800-talet den første gullalderen i norsk samfunnsutvikling. I 1870-åra kom ikkje

a lenger til land, men rykta byrja å gå om enorme sildestimar ved Island sommarstid, og dei norske fiskarane valfarta dit. Stautland fortel i denne boka ei historie om legendariske basar, enorme fortenester og tap, om umenneskeleg slit, fuktige helgedagar i islandske sildebyar og dramatiske overfartar over Nordsjøen med fullasta skuter. Det er ei historie om dristigheit og vågemot, men òg om eit eventyret som enda med økologisk katastrofe i 1970. Boka er illustrert med foto i svart-kvitt.

449,00 kr
BS
Om forfattaren

Brynjar Stautland

Brynjar Stautland (1962) er frå Bømlo i Sunnhordland. Har utdanning frå Lærarhøgskulen på Stord (1983-86), mellomfag Drama Film og Teater ved UniT og 2-årig utdanning i fjernsynsregi ved Høgskulen i Lillehammer. Har arbeidd ein periode som lærar i folkehøgskulen, og som dokumentarfilmregissør og fotograf dei siste fem åra. Har m.a. laga "Det salte sølvet", om sildefisket på Island. Tema har vore historiske og oftast knytta til vestlandsk historie og kultur. Har tidlegare skrive boka "Gullgravarane på Lykling" om gruvearbeidarane på Bømlo i 1880-åra. Busett på Finnås, Bømlo.

Meir om Brynjar Stautland →