Barn og ungdom

Førstetouch: roman

12–16 år
Det viktigaste i livet til Tuva er fotball. Ho går siste året på ungdomsskulen, og draumen hennar er å koma inn på toppidrettsgymnaset og få skikkeleg keepertrening. Alt ligg til rette for det, heilt til Sara begynner i klassen. Det er noko ved den nye jenta, og når Sara set auga i Tuva på fotballbanen, mistar ho heilt fokus. Tuva fell pladask, men kva er det eigentleg Sara vil med Tuva?

Førstetouch er ei bok om å mista fotfeste, om forelsking og fordommar – og om fotball.
199,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014307
Monica Laupsa
Om forfattaren

Monica Laupsa

Monica Laupsa (f. 1995) kjem frå Stord og er busett i Nordjylland i Danmark. Laupsa er utdanna pedagog og jobbar som ressurspedagog i barnehage. Førstetouch er debutboka hennar.