Forklaringsopplysningane

Skjønnlitteratur

Forklaringsopplysningane

Omsett frå svensk
Ei av Sveriges mest særeigne poetiske stemmer. For første gong på norsk får vi med "Forklaringsopplysningane" presentert eit større utval dikt av den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson - også kalla UKON. UKON viser at poesi kan vere eit vis å sjå verda på, gjennom ei ramme av ulike system og dikt som er både konseptuelle og politiske, realistiske og absurde. Med stor respekt og omtanke auser han av si lange røynsle som klinisk psykolog og psykoanalytikar, i ei kontinuerleg språkleg omforming. Utvalet er konsentrert rundt midten av forfattarskapen, mellom samlingane «Vådrets hjårna» (1994) og «Brukaren» (2011), med tyngdepunkt i gjennombrotet «Stammar» frå 2002. I tillegg presenterer boka nokre nyskrivne dikt. Utval og gjendikting ved Monica Aasprong.
329,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193510
UKON
Om forfattaren

UKON

Ulf Karl Olov Nilsson (f. 1965), også kalla UKON, er poet, kritikar, psykolog og psykoanalytikar. Han sit i redaksjonen for tidsskrifta Glänta og Arche. Han debuterte i 1990 med Kung-kung og slo gjennom med diktsamlinga Stammar (2002). UKON har gitt ut både poesi og essay i tillegg til fleire gjendiktingar, og i 2014 kom hans første roman.