Om boka
Sitat frå melding
«I ei ideell verd får alle barn mellom 9 og 13 år lese denne boka saman med ein trygg vaksen. Flokken gir unik inspirasjon for samtalar med barn som er i ferd med å verte ungdom ... Det er lett å lese boka, og vanskeleg å ikkje la innhaldet sive inn i kroppen ... Her finst situasjonar som alle barn kan kjenne seg igjen i, som når Juri lurer på om han er ein del av flokken. Og så finst det situasjonar som dei færraste barn har opplevd, men som dei kan filosofere over, og lære meir om andre menneske av.» - Heidi Fagna, Nynorskbok.no «Boka er fortald på ein veldig fin måte. Det er som om det er henta frå eit ekte liv ... Boka er så bra at eg kjem ikkje på noko som kunne gjort ho betre.» - Georg Fagna-Breivik, Framtida Junior «... Som heilskap er Flokken fin lesing, og boka opplevest, paradoksalt nok, som ganske heilskapleg, trass i den episodiske forma. Det er fordi forteljingane på ulike vis seier noko om det å vere ein, særleg det å være Juri, og det å vere fleire: Kven er flokken vår, og må flokken vere stor? Kva skjer om vi ikkje har ein flokk? Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å kjenne oss mindre åleine?» - Marie Kjølstadmyr, Barnebokkritikk