Barnehagens oppgåver skal skje i samarbeid med heimen, noko som vil seie at alle foreldre, uavhengig av bakgrunn, er viktige bidragsytarar. Eit godt samarbeid mellom barnehage og heim bidreg både til barns velvære, utvikling og læring. Her er barnehagetilsette kritiske aktørar for å sikre eit likeverdig og inkluderande foreldresamarbeid. Tidlegare forsking syner at barnehagar ofte er dominert av majoritetens kultur, normer og verdiar og at personalet ser ut til å vere usikre i kommunikasjon med foreldre og barn med fleirkulturell bakgrunn. Denne boka legg særleg vekt på fleirkulturelt foreldresamarbeid og barnehagelærarens særskilde rolle i denne samanheng.
Anne Grethe Sønsthagen (f. 1987) er førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskolen på Vestlandet, og er særleg opptatt av kulturelt mangfald, foreldresamarbeid, leiing og organisasjon.