Skjønnlitteratur

Fiskarmenn: roman

Símun er ein hardtarbeidande fiskar om bord på sluppen Ørnen i mellomkrigstida. Forholda om bord er miserable, samhaldet dårleg og rivaliseringa sterk: "Símun såg straks han sette foten om bord, at mellom denne mannen og han kom det til å bli harde tak. Dette var ein mann som ikkje gav seg før ein av dei låg der."

Joensen skildrar framveksten av den færøyske klassekampen: opprøret mot rike reiarar og kjøpmenn som ikkje berre eig dei materielle verdiane, men også sjølve arbeidskarane og -jentene på land.

Martin Joensens Fiskarmenn (1946) er ein klassikar i den færøyske litteraturen.
429,00 kr
MJ
Om forfattaren

Martin Joensen

(1902_x0096_1966) debuterte med den første færøyske kollektivromanen, Fiskimenn (Fiskarmenn), i 1946. Martin Joensen har _x0096_ saman med dei internasjonalt meir kjente forfattarane William Heinesen og Heðin Brú _x0096_ ein sentral plass i færøysk litteratur.