Finn!

Barn og ungdom

Finn!

3–6 år
Appellerande og finslipt bildebok om tre generasjonar Finn I denne appellerande og finslipte bildeboka møter lesaren tre generasjonar Finn: Finn, Vesle-Finn og Bittevesle-Finn, tre Finn-ar som alle leitar etter noko, men slett ikkje det same. Pappaen til Finn seier tog berre kan gå på skinner. Finn veit betre, for han er ein fabulerande fyr som meiner at alt går an! Han veit toget hans kan gå kor det skal vere, og difor reiser han ut i verda på leiting etter den aller beste tingen!
179,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186239
Gyrid Axe Øvsteng
Om forfattaren

Gyrid Axe Øvsteng

(f. 1974) er forfattar og dramatikar frå Vågå. Ho debuterte skjønnlitterært med biletboka Finn! i 2009. Øvsteng har utdanning innan teatervitskap og litteraturvitskap. Ho var dessutan elev ved pilotprosjektet for dramatikarar på KHIO i 2001–2003. Øvsteng debuterte som dramatikar med Køyr på Norsk Dramatikkfestival i 2000. Øvsteng er busett i Skien.