Fangar i natta: spenningsroman

Barn og ungdom

Fangar i natta: spenningsroman

9–12 år
Ein morgon då Martin kjem ned til jolla si, er påhengsmotoren borte. Tjuvar har vore på ferde og stole fleire motorar i båthamna. Samstundes er Anna i skogen, og kjem fram til eit hus der det ikkje har budd folk på mange år. Folk seier det spøkjer der. Brått dukkar det opp ein mann i døra. Anna har aldri sett han før. Fangar i natta er ein spenningsroman for dei frå 10 år. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Det kvite pulveret og Skatten i Skutevika. Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen er særlig kjend for spenningsbøker for barn og unge, som Det kvite pulveret, Den svarte oksen og Flukt. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.
249,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191851
Atle Hansen
Om forfattaren

Atle Hansen

(f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009) og Svartedalen (2015).

Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Han var med på å starte barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, og er med i programkomiteen til festivalen. Han er òg medlem av det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU). Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.