Fanden på flat mark: historier frå Kviterussland

Generell litteratur

Fanden på flat mark: historier frå Kviterussland

Kviterussland blir ofte omtalt som "Europas siste diktatur" og "den siste sovjetstaten". Gjennom essay, reiseskildringar og personportrett fortel Per Anders Todal om eit land i statleg jerngrep, der sensuren kveler den offentlege samtalen og overvaking spreier frykt i folket. Men det er òg eit land der moderne teater, rockemusikk, den spirande nasjonalkjensla og det kviterussiske språket er lada med ei uvanleg sterk, frigjerande kraft. Kviterussland har ei tragisk, mangfaldig og rik historie, og ein natur som spenner frå Sentral-Europas siste urskog til det radioaktive audelandet i Tsjernobyl-sonen.
299,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181999
Per Anders Todal
Om forfattaren

Per Anders Todal

Per Anders Todal (f. 1968) frå Aure på Nordmøre. Forfattaren har studert medievitskap ved Universitetet i Bergen og UC Berkeley, og har sidan 1997 arbeidd som journalist for vekeavisa Dag og Tid. Han har vore redaktør for aforismesamlingane Slag under beltestaden må ein berre bøye seg for og Når alt kjem til alt, blir ingenting borte. Fanden på flatmark er den første sakprosaboka hans.

Meir om Per Anders Todal →