Falle: noveller

Skjønnlitteratur

Falle: noveller

Ein liten reinflokk tøygde seg som ein usikker tråd bortover dei snødekte fjellrabbane i bakgrunnen, danna ei horisontal rørsle som glei i eitt med landskapet og forsvann. Lét etter seg ei rein, kald synsrand. I ein glimt såg han for seg gravfølgjet utanfrå, ei sakte rørsle etter den snødekte vegen. Snart borte frå landskapet. Ove og han og dei to naboane som bar kista sterkt og høgt på skuldrene sine dette siste stykket. Mora som lét seg bere slik, gjennom snø, kvilande på skuldrene av sønene sine. Falle er ei samling noveller om det å miste; om å ikkje vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje over ein levande, om forboden sorg.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187335
Rakel Solstad
Om forfattaren

Rakel Solstad

Rakel Solstad (f. 1945) er fødd i Finnmark og bur i Trondheim. Ho debuterte med novellesamlinga Men kva veit vi om barna i 2013, og ho gav ut den andre boka si i 2015, Falle – også det noveller. Ho har arbeidd som lærar og har i mange år vore pedagogisk-psykologisk rådgivar. I for internatunge er Rakel Solstads første roman.