«Kva vi ville ha? Til å begynne med det halve befolkninga hadde fått berre ved å bli født.»
Etter Sapfo tar oss med på ei reise der vi utforskar kvinneleg fridom, kunst og kjærleik. Som ein leietråd, både for kvinnene vi møter og for oss lesarane, går fragment av poesien til Sapfo, den store lyrikaren frå det antikke Hellas.
Fortald gjennom eit kor av ulike stemmer er romanen ei gledefylt nytolking av livet til fleire framståande feministar, kunstnarar og forfattarar frå førre hundreårskiftet. Lina Poletti, Virginia Woolf, Sarah Bernhardt, Colette, Gertrude Stein og Josephine Baker er blant dei mange kvinnene som deler sidene i denne romanen. Dei kjempar for kontroll over eige liv, for frigjering og rettferd – eit eige rom.
Romanen er ein hyllest til, ei påminning om og ei lovprising av det skapande rommet. Heftig, lysande, frodig og poetisk, rasande og morosam. Selby Wynn Schwartz har skapt ei forteljing som hyller fortidas kvinnelege pionerar og kunsten deira – og som gir håp for både samtida og framtida vår.