Entusiasme og raseri: artiklar om fotball

Generell litteratur

Entusiasme og raseri: artiklar om fotball

«Ei folkeleg nerdebok om spelet som får fram det verste og det beste i oss. [.] I sentrum står alltid menneska, dramaet og forholdet til samfunnet omkring»
— Stavanger Aftenblad
Gjennom ei årrekke har forfattaren Nils Henrik Smith vist at artiklar om fotball også kan vere stor litteratur. For Smith kan eit gjørmebad i tysk fjerdedivisjon vere meir givande for sjela som ei festframsyning med Barcelona. Entusiasme og raseri er ei samling av Nils Henrik Smiths beste tekstar om fotball. Her får du glitrande essay og artiklar om alt frå den geniale Erik «Myggen» Mykland, PostNord-oppgjeret mellom Fredrikstad og Moss i 2018 til hylling av det levande oppslagsverket Arne Scheie. Boka inneheld òg eit nyskrive essay om EM 2020, som på grunn av korona blir arrangert juni 2021. Nils Henrik Smith kombinerer fotballfagleg analyse med historisk medvit, humor og ein unik stil. Nils Henrik Smith (f. 1980) er skribent og romanforfattar. Han har vunne Tarjei Vesaas' debutantpris og blei utnemnd som ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet i 2015. Han har skrive om fotball for Josimar og NRK.
299,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004698
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Skriveevna hans ser ein ikkje berre i det presise språket, men endå meir i måten han brukar seg sjølv til å skape nærleik til stoffet på utan at det er påtrengjande. Det er snarare tvert imot, Smiths eg-fortellingar gjer stoffet medrivande.»

— Dag og Tid

«En entusiastisk og nostalgisk følgesvenn til EM. [.] Smith beskriver fotballen slik den burde være og slik vi skulle ønske den var, en fellesskapets arena for kameratskap på banen og samarbeid utenfor»

— Aftenposten

Nils Henrik Smith
Om forfattaren

Nils Henrik Smith

(f. 1980) fekk Tarjei Vesaas debutantpris for Manhattan Skyline i 2007, og følgde opp med den kritikarroste romanen Austerrike i 2009. For Austerrike fekk Nils Henrik Smith Rogaland Mållags målpris 2009. Smith har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert engelsk og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.